English version of this page

Bibelen i mellomalderen: historie og heilag bodskap

Vi studerer nordiske omsettingar frå den latinske Vulgatabibelen for å lære meir om språkleg og tekstleg autoritet, og om korleis Bibelens bodskap blei forkynt i mellomalderen.

AM 226 fol, blad 81v. Handskriftet er datert til ca. 1350–1370 og blir oppbevart i Den arnamagnæanske samling i København. Initialen viser Samuel som salvar Saul til konge (1. Samuelsbok kapittel 10). Foto: © Den Arnamagnæanske Samling, København. Fotograf: Suzann Reitz.

Om prosjektet

I mellomalderen var Bibelen på latin. Slik skulle det vere. Likevel blei nokre kortare og lengre delar omsette til norrønt, fornsvensk og gammeldansk. I prosjektet "Retracing the Reformation. The dissemination of the Bible in Medieval Scandinavian Culture" tek vi utgangspunkt i dei tekstdelane som faktisk blei omsette. Vi studerer kva som blei omsett, kva form det fekk og om ein kan sjå påverknad frå desse delane i dei etterreformatoriske Biblane som blei trykte i Sverige, Danmark og på Island. Vidare utforskar vi mellom anna vidare kvifor ein i mellomalderen ikkje omsette heile Bibelen, og kva som blei endra ved dei tekstdelane som likevel blei omsette: Var det framleis Bibeltekst?

Mål

Gjennom dette prosjektet vil vi lære meir om korleis bibelfortellingane og frelsebodskapen blei formidla til folk, trass i at Bibelen var på latin, samt om korleis folkespråket gradvis får meir autoritet som skriftspråk og dermed kan bli tatt i bruk på stadig nye typar tekstar.

Samarbeid

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar ved Universitetet i Oslo, Stockholms universitet og Háskóli Íslands. Det varer frå 2013–2017 og er finansiert av NORDCORP.

Publisert 4. aug. 2014 11:05 - Sist endret 3. jan. 2017 14:27