UPUS - Utviklingsprosessar i urbane språkmiljø

UPUS er eit nasjonalt prosjekt som forskar på korleis det talte språket i nokre norske byar har utvikla seg. Oslo-delen av UPUS fokuserer på talespråk blant ungdomar i multietniske miljø i Oslo-området.

Bakgrunn

I løpet av dei siste 30-40-åra har Oslo blitt ein multikulturell by. I dag har om lag kvar tredje osloelev ein annan etnisk bakgrunn enn norsk og meir enn 120 ulike språk er representert i Oslo-skulen. Bydelane Grünerløkka, Gamle Oslo, Grorud, Stovner og Søndre Nordstrand er i dag dei mest etnisk blanda områda i Norge. For barn og unge som veks opp i desse bydelane, er det blanda og fleirspråklege det normale.

I ein slik situasjon er det nærliggjande å spørje om det norske språket til ungdomar i slike multietniske og fleirspråklege miljø utviklar seg på bestemte måtar. Er det slik at vi kan sjå konturane av ein eller fleire nye norske multietniske dialektar? Og i kva grad blir også språket til etnisk norske ungdomar i desse miljøa påverka?

Multietnisk norsk

Førestellinga om at det eksisterer ein eigen multietnisk dialekt – såkalla ”kebabnorsk” eller ”wollah-norsk”, ser ut til å ha etablert seg i den norske offentlegheita, og er noko aviser og folk flest stadig refererer til. Men den norske språkbruken i fleirspråklege miljø er likevel eit så å seie uutforska felt her til lands. Så langt finst det svært få undersøkingar i Norge om dette, og dei konsentrerer seg i hovudsak om lån av ord og uttrykk frå ulike minoritetsspråk.

Det betyr at vi fortsatt manglar språkvitskapleg dokumentasjon på kva som kjenneteiknar norsk i multietniske ungdomsmiljø når det gjeld lydsystem, bøyingssystem og setningsstruktur, og også når det gjeld sosiale og pragmatiske forhold som kan kaste lys over dei funksjonane denne språkbruken har.

Dette ville UPUS gjere noko med.

Feltarbeid og materiale

Vi konsentrerte feltarbeidet vårt til to lokalitetar i Oslo og har samla inn munnleg materiale frå 90 ungdomar. Desse ungdomane har både vore med på intervju og vennesamtalar som har blitt tatt opp på video. Dette materialet blir transkribert og gjort tilgjengeleg for forskning via eit internettbasert søkegrensesnitt som blir utvikla av Tekstlaboratoriet ved ILN.

For å få tilgang til materialet må ein søkje UPUS-Oslo og Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Materialet er berre tilgjengeleg for forskning.

Det nasjonale forskingsprosjektet blei leia frå NTNU

 

 

Publisert 10. juni 2010 15:45 - Sist endret 6. okt. 2015 10:58