Vi forsker på: Afrikanske språk

Afrikanarane utgjer 12 % av menneska i verda, men talar over 30 % av språka.

Afrika har mange språk – tamazight, fulfulde, bamanankan, kanuri, !xóõ, zulu, maasai, kafa, oromo og over 2100 andre. Dei afrikanske språka tilhøyrer nærmare femten språkfamiliar og varierer sterkt i ordtilfang, lydsystem og grammatikk.

Språket oppstod truleg i Afrika. Homo sapiens – som også oppstod i Afrika – byrja å utvandre til andre verdsdelar for over 60 000 år sidan, og tok med seg språket.

Det er berre Mesopotamia som har ei lengre skrifthistorie enn i Afrika. Språk har blitt skrivne i Egypt i 5000 år, lenger vest i Nord-Afrika i nesten 3000 år, i Etiopia i over 2500 år. Mange afrikanske språk – som gogo, wawa og hehe – blei skriftspråk fyrst på 1900-talet, andre blir framleis berre tala.

Forskarar som arbeider med afrikanske språk, gjer alt språkforskarar kan tenkjast å gjere. Dei utforskar enno ubeskrivne språk med nokre få talarar, til dømes ongota i Etiopia som blir tala av åtte personar. Dei forskar òg på utdøydde språk som blei tala for over tusen år sidan, som punisk i Nord-Afrika, og veletablerte skriftspråk med titals millionar talarar, som hausa i Vest-Afrika.

Forskergrupper

 

Publisert 22. nov. 2010 14:51 - Sist endret 30. juni 2015 10:23