Vi forsker på: Kognitiv lingvistikk

Kognitiv lingvistikk har dei siste tiåra utvikla seg til å bli ei av dei dominerande retningane innanfor moderne lingvistikk, ved sida av og i opposisjon til mellom anna generativ lingvistikk i ulike avskyggingar.

Kognitiv lingvistikk byggjer på den hypotesen at strukturen til dei nærmare 7000 språka i verda kan forklarast på grunnlag av allmenne psykologiske, fysiologiske og anatomiske særdrag ved mennesket.

Desse allmenne særdraga har ikkje berre med språk å gjere. Dei dannar ein basis for alt som gjer oss til menneske i tenkjemåte, kultur og åtferd. Heilt sentralt står evna vår til å kategorisere, samanlikne, generalisere og assosiere – og til å meistre best det vi gjer ofte.

Medan generative lingvistar postulerer ein hjerne med eigne og klårt åtskilde «språkmodular», postulerer kognitive lingvistar ein hjerne der språket ikkje er skilt frå andre kognitive fenomen.

Kognitiv lingvistikk er ei samnemning for fleire teoriar – mellom anna kognitiv grammatikk, konstruksjonsgrammatikk, teorien om mentale rom, kognitiv metaforteori og grammatikaliseringsteori.

Kognitive lingvistar forskar på alle språklege fenomen – semantikk, syntaks, morfologi, fonologi og så bortetter – men semantikk står sentralt: Tyding er i botn og grunn det språk handlar om. Ein ser det som ufruktbart å forske på til dømes syntaks utan å ta omsyn til semantiske spørsmål.
 

Forskingsprosjekt

ASKeladden - Morsmålstransfer i norsk innlærerspråk - en korpusbasert tilnærming

Forskargrupper

 

 

 

 

Publisert 25. nov. 2010 12:05 - Sist endret 1. juli 2016 10:38