Vi forsker på: Leksikografi og ordbøker

Leksikografi er eit fagfelt som analyserer ord og skildrar desse systematisk.

Faget er ei grein av språkvitskapen, og det vi studerer er ord, delar av ord og samband mellom ord. Dei tradisjonelle produkta av leksikografisk forsking er ordbøker.

I moderne tid er både forskingsverktøy og leksikografiske produkt digitaliserte. Dette har innverknad både på ordboksproduksjon og på utvikling av andre leksikografiske forskingsressursar. Døme på slike ressursar er tekstkorpus og ordnett.

Det fyrste er store digitaliserte og søkbare samlinger av ulike tekster eller lydopptak. Eit ordnett er eit kart over tydingsforholda mellom ord. Begge er sentrale verktøy ikkje berre i moderne leksikografi, men òg i språkteknologi.

Mange slike ressursar er tilgjengelege for ålmenta på nett.

Eit døme på norske ordboksressursar er Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som lenge og med stor suksess har vore tilgjengelege på nett. Eit anna leksikografisk forskingsprodukt er Norsk Ordbok. Dette er eit ordboksverk som dokumenterer dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.
 

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

Forskargruppe for leksikografi

 

Publisert 2. des. 2010 13:07 - Sist endret 13. des. 2016 13:20