Vi forsker på: Namn

Forsking på namn handlar om kva namn tyder, kor gamle dei er, korleis dei vert brukte, og kva dei kan seia om samfunnet før og no. Vi arbeider med stadnamn, personnamn og andre namn.

I fagmiljøet kallar vi faget for namnegransking. Internasjonalt kallast faget onomastikk.

Namnegransking er studiet av korleis namn kjem til, og korleis dei fungerer i historisk og notidig kontekst, både som enkeltfenomen og system.

Føremålet med faget er å vinna kunnskap om førekomst av ulike typar namn i språkleg, kronologisk, geografisk og sosial variasjon. Ei viktig oppgåve er å finna ut kva namna tyder, både etymologisk (opphav) og namnesemantisk (tyding), og korleis namn og namnebruk har utvikla seg gjennom tidene.

Dei viktigaste namnegruppene er stadnamn og personnamn, men òg dyrenamn, båtnamn, merkevarenamn, tiltaksnamn o.l. er studieobjekt. Andre aspekt er namn som kulturarv, namn som kommunikasjon og namn som identitetsberar. Også stadnamnnormering går inn i forskingstradisjonen.

Primært er namnegransking ein språkleg disiplin, men med sterke tverrfaglege utgreiningar. Etymologi og semantikk står sentralt, og i forlenginga av det gjev studiet grunnlag for ny kunnskap om natur- og kulturhistoriske tilhøve. Namn og namnebruk kan òg nyttast som kjelde i studiet av menneskeleg samhandling på ulike plan og såleis gje tilskot til m.a. arkeologi, historie, sosiologi og psykologi.

Forskargrupper

 

Publisert 23. nov. 2010 13:22 - Sist endret 30. juni 2015 13:11