Vi forsker på: Nordisk og norsk språk

Til dei nordiske språka rekner vi dei skandinaviske grannespråka norsk, dansk og svensk og framandspråka færøysk og islandsk. Her i landet ligg hovudvekta i forskinga naturleg nok på norsk.

I fagmiljøet bruker vi nemninga ”Nordisk, særleg norsk, språkvitskap” om dette forskingsfeltet. Feltet kan grovinndelast i hovudområda grammatikk og språkutvikling.

Innanfor grammatikk forskar ein på språksystemet, der fonologi, morfologi, syntaks, semantikk er ulike delemne.

Innanfor språkutvikling undersøkjer forskarane språkleg endring og variasjon frå historisk, geografisk og sosial synsstad.

Dei som arbeider med språkhistorie, er interesserte i korleis språket har endra seg gjennom tida. Innanfor norsk språkhistorie står også utviklinga av dei to norske skriftnormalane bokmål og nynorsk sentralt. Forskarar som arbeider med dialektologi, ser på korleis språket varierer geografisk, medan sosiolingvistane er interesserte i korleis språket varierer mellom forskjellige sosiale grupper.

Norsk blir også studert som andrespråk, der ein forskar på korleis ein lærer seg norsk, det å vere fleirspråkleg, og der det å vere del av ein språkleg minoritet står sentralt.

Leksikografi, det vil seie ordforrådstudium og ordbokskunnskap, er ein del av forskingsområdet. Det same gjeld namnegransking, som er studiet av ulike typar namn, særleg personnamn og stadnamn.

Kunnskap frå forskingsfeltet nordisk språkvitskap er aktuell for arbeid med norskfaget i skolen, for journalistar, for tilsette i offentleg forvalting, og for alle andre med norsk språk som arbeidsreiskap.

Prosjekt og forskingsnettverk

Forskargrupper

 

Publisert 22. nov. 2010 15:22 - Sist endret 19. juni 2017 11:14