Vi forsker på: Norrøn religion
Forskingsfeltet norrøn religion dreier seg om utforskinga av religiøse førestellingar og ritual i førkristen tid i Skandinavia.
Sentrale spørsmål ein stiller seg, er: Kva kjenneteikna skandinavane sin religion i tida før år 1000? Kva slags mytar og ritual forma røyndomsbiletet hjå dei førkristne menneska?
Faget gjer bruk av generelle religionsvitskaplege omgrep og bruker desse på ulike kjelder til den norrøne religionen. Fleire kjelder blir brukte, blant anna arkeologiske funn, stadnamn og litterære kjelder.
Forskingsfeltet ber namnet norrøn religion fordi dei mest sentrale litterære kjeldene er norrøne tekstar skrivne på Island og i Noreg frå om lag 1100. Utforskinga av skaldedikt, eddadikt og Snorre Sturlasons verk krev kjennskap til norrønt språk og litteraturhistorie.
Fagfeltet er tverrfagleg. Fleire bidrag til utforskinga av den norrøne religionen er komne frå stadnamnforskarar, norrønfilologar og arkeologar.
Forskergrupper