Oslo-språk
Hovudstaden og språket i hovudstaden spelar ei sentral rolle for heile landet.
Hovudstadsspråket blir gjerne oppfatta som eit standardspråk og fungerer som eit normideal i mange område. Svært mange har kunnskap om dette språket og ungar over heile landet bruker oslomål i rolleleik.
Tradisjonelt har ein skilt mellom austkantspråk og vestkantspråk, men dette skiljet er ikkje like tydeleg lenger. Oslo-språket endrar seg – aust og vest nærmar seg kvarandre.
I dag bruker nesten alle unge austkantforma Osjlo, i staden for Osslo, som var den vanlege vestkantforma tidlegare. Men ungdom i ulike delar av byen snakkar framleis ulikt. Mens ungdom i vest er keege, har ungdom i fleirkulturelle delar av byen det sjpa. Unge i fleirkulturelle område har sin eigen Oslo-språk-stil, og unge og eldre Oslo-borgarar snakkar ikkje likt.
Gjennom språket viser vi kven vi er, eller vil vere. Oslo er byen med dei mange røystene.
Ved Universitetet i Oslo blir det forska på byen Oslo, språk i Oslo og Oslo-språk. Oslo-språk er ikkje noko eige forskingsfelt, men eit emne som kan studerast på mange ulike måtar.
Ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) forskar vi på ord, lyd-, bøying- og setningsstruktur i Oslo-språk, og vi studerer korleis språket blir brukt av folk i ulike delar av byen. Ved ILN har vi timesvis med gamle og nye opptak av Oslo-språk – frå aust og vest, nord og sør i byen.
Forskingsprosjekt
Utviklingsprosessear i urbane språkmiljø (UPUS)
MultiNord - Språk og praksis i multietniske bymiljø i Norden
ScanDiaSyn - Scandinavian Dialect Syntax
Forskargrupper