Vi forsker på: Sakprosa

Sakprosa er grovt sett all tekst som ikkje reknast som skjønnlitteratur.

I sakprosaforskinga blir både litterær sakprosa (som t.d. biografiar, fagbøker, lærebøker, tidsskrift m.v.) og funksjonell sakprosa (t.d. aviser, nettsider, partiprogram og reklametekstar) undersøkte.

Viktige spørsmål er korleis tekstane kommuniserer, korleis dei verkar mellom menneske i ulike kontekstar og kva for tilhøve det er mellom form og innhald.

Det meste av tekstane på Internettet er sakprosa, difor rører mykje av forskinga seg om eldre og nyare sjangrar på nettet, t.d. om leksika og læremiddel. I statsforvaltninga er det nå ei aukande interesse for “klarspråk” i staten, og her bidrar sakprosaforskinga.

Sakprosa er blitt viktigare i skolen, særleg i norsfaget, men òg i alle dei andre faga.

Sakprosaforskinga er eit ungt forskingsfelt med tyngdepunkt i Noreg og Sverige, og den er ingen eigen vitskap. Dei fleste sakprosaforskarar hentar verktya sine frå retorikk, tekstvitskap, litteraturvitskap og medievitskap. Men dei har samstundes nært samband med samfunnsfag, historie og filosofi. Dessutan dreier sakprosa seg nettopp om sak. God sakprosaforsking er godt orientert om dei faga som sakene høyrer heime i, anten det gjeld teknikk, juss eller naturfag.

Forskingsprosjekt

 

Publisert 23. nov. 2010 14:05 - Sist endret 19. juni 2017 11:16