print logo

Vi forsker på: Sosiolingvistikk

Forskingsområdet sosiolingvistikk studerer forholdet mellom språk og samfunn.

Eit viktig mål for sosiolingvistikken er å dokumentere, forklare og forstå språkleg variasjon og mangfald i ulike sosiale og geografiske fellesskap. Sosiolingvistikken er interessert i korleis vi signaliserer sosial bakgrunn, tilhørigheit eller distanse, makt eller avmakt gjennom språket.

Variasjon er eit nøkkelbegrep innafor sosiolingvistikken. Begrepet er sentralt for å forstå og forklare språkendring – både hos det enkelte menneske, mellom menneske og mellom grupper av menneske.

Ved å studere språkbruk hos eldre og yngre språkbrukarar kan vi til dømes få kunnskap om kva for språklige endringar som er i frammarsj på eit sted eller i eit miljø. Eitt eksempel på ei slik endring er samanfallet mellom kj-lyden og sj-lyden, som i Kjell og skjell. Dette er ei endring som skjer i mange av dei større byane rundt om i landet.

Sosiolingvistikken er også oppteken av korleis menneske snakkar saman, korleis vi skaper meining og blir sosialiserte gjennom språket.

Den interaksjonelle sosiolingvistikken studerer korleis folk varierer talen sin alt etter kven dei snakkar med, kva dei snakkar om eller kva for situasjon dei er i. Gjennom språket viser vi kven vi identifiserer oss med og korleis vi ønskjer å bli oppfatta.
 

Forskingsprosjekt

Forskargrupper

 

Publisert 1. des. 2010 09:57 - Sist endret 1. jun. 2015 14:54