Vi forsker på: Språkteknologi

Språkteknologi er eit tverrfagleg forskingsfelt der datamaskiner speler ei sentral rolle.

I kryssingsfeltet språkforsking og informatikk arbeider språkteknologane med å utvikle tenester og verktøy både til bruk i språkforsking, og i alle tenkjelege tenester og produkt som handterer språk.

Næringsliv og industri gjer omfattande bruk av språkteknologi. Retteprogram for staving og grammatikk er språkteknologiske nyvinningar vi kjenner i kvardagen. Språkteknologisk forsking ligg også bak program for automatisk omsetjing, intelligente søkjemotorar, talegjenkjenning og talesyntese.

Språkteknologar arbeider også med teoretiske problemstillingar i forskingsfeltet, det kan vere leksikografiske spørsmål, syntaktiske analysar eller utvikling av algoritmar.

Ein typisk forskingsbruk av språkteknologi er tilrettelegging av store samlingar av tekst eller tale. Slike digitaliserte samlingar kallar vi korpus. Eit korpus kan vere sett saman av ulike tekstar henta frå til dømes skjønnlitteratur, aviser eller Internett. Det kan også bestå av lydopptak med tilhøyrande transkripsjonar.

Eit korpus gjer det mogleg å analysere enorme datamengder for å avdekkje mønster i tale eller skrift.

Ved Universitetet i Oslo finst to einingar som arbeider med språkteknologi, Tekstlaboratoriet og Eining for digital dokumentasjon (EDD)

Forskergrupper:

Forskningsprosjekter:

Publisert 22. nov. 2010 15:44 - Sist endret 29. okt. 2014 10:35