Språk + teknologi = sant!

Norsk Ordbok og Språkbanken viser deg kva språkteknologi kan brukast til.

 

Kom og spel bokstavterningspel som i Amigo Grande på NRK! Kor mange ord klarar du?
Med dagens språkteknologi er det lett å kåre vinnarane.

Språkteknologi hjelper dessutan til med å gje språk til dei som ikkje kan snakke. Hjelpemiddel for kommunikasjon kan styrast ved hjelp av tastar – men også med auga. Kom og prøv sjølv!

I tillegg til dette kan du vere med å lage di eiga ordbok. Norsk Ordbok dokumenterer norske dialektar og vil gjerne ha ord frå heimstaden din.


Vi legg inn orda dine i ordboksdatabasen, og du får med deg utskrift heim i ekte ordbokformat!
 

 

Publisert 18. sep. 2012 15:26 - Sist endret 29. okt. 2013 11:19