Strategisk plan ILN

Strategisk plan 2010-2020 (pdf) for ILN blei vedteken av instituttstyret den 14. februar 2011.

Instituttets strategiske plan 2010 - 2020:

  • ILN skal auke deltakinga og dermed gjennomslagskrafta på det nordiske og internasjonale forskingsområdet, og oppretthalde og styrkje posisjonen som eit av dei leiande forskings-miljøa i Norden på sine fagfelt. For å oppnå dette vil ILN setje realistiske og ambisiøse mål for samla forskingspublisering, og setje i gang tiltak som gjer forskarane og forskargruppene våre etterspurde som europeiske og internasjonale samarbeidspartnarar. Det er eit sentralt ansvar for ILN, som for universiteta generelt, å medverke til å utvikle fagterminologi på norsk (bokmål og nynorsk). ILN vil oppmuntre til parallellspråkleg publisering, på norsk (skandinavisk) og på internasjonale språk (som engelsk).

  • ILN skal tiltrekkje seg fleire motiverte og dyktige studentar, slik at det samla studie-tilbodet ved instituttet blir berekraftig. ILN vil prioritere studiekvalitet, læringsmiljø og dimensjonering av emneporteføljen i strategiperioden.

  • ILN skal oppretthalde dagens høge nivå på ekstern finansiering. Delar av verksemda ved instituttet gjev ikkje resultatutteljing i den noverande finansieringsmodellen ved HF. Fakultetet skal kvart fjerde år behandle justeringar av modellen og fordeling av studie-plassane, fyrste gong i 2013. I samband med det, vil ILN arbeide aktivt for at den samla verksemda ved instituttet skal gje resultatutteljing og danne finansielt grunnlag for stabil aktivitet og fagleg fornying.

     

Strategisk plan: Bokmål (pdf) | Nynorsk (pdf)

     

    Publisert 11. juni 2010 16:06 - Sist endret 22. des. 2016 11:40