English version of this page

Innlevering av masteroppgåve

Dette må du hugse når du skal levere masteroppgåva di ved ILN.

Last opp i DUO (via StudentWeb)

Masteroppgåva skal leverast i DUO - Digitale utgiving ved UiO før du leverer dei trykte eksemplara av oppgåva til instituttet. Vi oppmodar deg til å følgje Universitetsbiblioteket si brukarrettleiing for innlevering av masteroppgåva.

Trykking av masteroppgåva

Alle masterstudentar har rett til å få trykka oppgåva si gratis hos Reprosentralen innanfor instituttet sine gjeldande rammer.

Innleveringsdagen

3 trykte eksemplar av di masteroppgåve (4 om du har hatt to rettleiarar) skal leverast til instituttet, enten i ekspedisjonen i opningstida (mandag-fredag 12.30–15.00), eller direkte til aktuell studiekonsulent seinast kl. 15.00.

Saman med dei trykte eksemplara av oppgåva må du levere ein kopi av kvitteringseposten du får når du har lasta opp masteroppgåva di i DUO.

For å få vitnemål må du i tillegg fylle ut og levere skjema for fullført mastergrad (bokmål/nynorsk/engelsk). Studentar på lektorprogrammet treng ikkje levere skjema for vitnemål ved innlevering av masteroppgåva.

Du må ha med både kvitteringseposten frå DUO og ferdig utfylt skjema for fullført mastergrad når du leverer dei 3 trykte eksemplara av di masteroppgåve. Instituttet tek ikkje i mot innleveringar som manglar kvitteringseposten eller skjemaet.

Klausulering

Klausulering av masteroppgåva vil seie at du legg restriksjonar på innsynet i oppgåva di. Om du meiner at di masteroppgåve bør klausulerast må du på førehand klarere dette med instituttet. Ta kontakt med aktuell studiekonsulent før innleveringa av oppgåva. I tillegg bør du lese Universitetsbiblioteket sine nettsider om klausulering av masteroppgåver.

Innleveringsfrist

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 60 studiepoeng
15. november / 15. mai

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 30 studiepoeng
15. desember / 1. juni

Oppgåva kan seinast leverast til instituttet kl.15.00 på dagen for innleveringsfristen. Skulle innleveringsfristen falle på ein fridag/helgedag, vil innleveringsfristen bli flytta fram til påfølgjande arbeidsdag.

Instituttet tek ikkje i mot masteroppgåver etter innleveringsfristen. Eventuell utsetjing ved sjukdom eller anna gyldig grunn må avklarast med studiekonsulenten på ditt fagområde.

Trykk her for å lesa om reglar for sjukdom ved eksamen.

Publisert 4. mars 2016 14:06 - Sist endra 9. nov. 2017 09:17