English version of this page

Formelle krav og maler

Dette er ei anbefaling til oppsett av di masteroppgåve. Sjå gjerne på Universitetsbiblioteket sin oppgåvemal. Denne kan du laste ned å bruke til oppsettet av di masteroppgåve.

Oppgåva sitt omfang

Masteroppgåver på 60 studiepoeng skal normalt vere på 80–100 sider (á 2300 teikn utan mellomrom per side).

Masteroppgåver på 30 studiepoeng skal normalt vere på 40–50 sider (á 2300 teikn utan mellomrom per side).

Skrifttype, marg og referansesystem

Du skal velje same skrifttype i alle delane av dokumentet. Vi vil anbefale at du brukar 12 pkt. Times New Roman med linjeavstand 1,5.

Margen skal være 2,5 cm på kvar side. Bruk venstrestilt tekst med broten marg på høgre side. Merk at det er andre reglar for lengre sitat og fotnotar. 

Du bør gjere deg kjend med Universitetsbiblioteket sine nettsider for korrekt bruk av sitat og referansar.

Kjelde- og litteraturliste

Kjelde- og litteraturlista skal plasserast til slutt i oppgåva og før eventuelle vedlegg. Litteraturlista skal berre innehalde referansar til kjelder du har referert til.

Anbefalt oppsett av masteroppgåva

  1. Framside
  2. Samandrag: maks ei side plassert heilt framme eller bak i oppgåva.
  3. Forord: Det er god vitskapleg skikk å takke alle som har bidrege positivt til gjennomføringa av di masteroppgåve i forordet. Det bør også kome fram kven som har vore din rettleiar.
  4. Innhaldsliste
  5. Hovudtekst
  6. Kjelde- og litteraturliste
  7. Eventuelle vedlegg

Framsida skal innehalde

  • Tittel på masteroppgåva
  • Ditt fulle namn
  • Eventuell UiO logo
  • Masteroppgåve i [emnekode – emnenamn]
  • Program/studieretning
  • Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo
  • År og semester
Publisert 4. mars 2016 14:06