Viktige fristar

Det er viktig at du held deg oppdatert på fristane og søkjer informasjon og rettleiing ved behov.

Semesterregistrering

Som student ved UiO må du kvart semester betale semesteravgift og melde deg til undervisning og eksamen.

Frist for å betale semesteravgift og kopiavgift 
1. september / 1. februar

Full oversikt over UiO sine sentrale fristar for å registrere deg i StudentWeb og melde deg til undervisning og eksamen finn du her.

Innleveringsfrist for masteroppgåver

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 60 studiepoeng
15. november / 15. mai

Innleveringsfrist for masteroppgåver på 30 studiepoeng
15. desember / 1. juni

Oppgåva kan seinast leverast til instituttet kl.15:00 på dagen for innleveringsfristen. Skulle innleveringsfristen falle på ein fridag/helgedag, vil innleveringsfristen bli flytta fram til påfølgjande arbeidsdag.

Instituttet tek ikkje i mot masteroppgåver etter innleveringsfristen, med unntak av avtale med studiekonsulent. Skulle du bli sjuk på eksamen gjeld vanlege reglar for heimeeksamen.

Søknad om ekstra semester

Publisert 4. mars 2016 14:06 - Sist endra 25. aug. 2017 10:56