Tildeling av rettleiar til masteroppgåver

Masterstudentar må sjølv skaffe seg rettleiar til masteroppgåva. Under finn du ei oppskrift på korleis du skal gå fram.

For å få tildelt rettleiar sender studenten undervisningskoordinatoren for studieprogrammet/retninga si i månadsskiftet mai–juni ein e-post med ei kort beskriving av det påtenkte temaet for masteroppgåva. Viss studenten allereie har vore i kontakt med ein faglærar om mogleg rettleiing, lyt ein opplysa om dette i e-posten.

Instituttet gjer ei samla vurdering av rettleing ut i frå eventuelle ynskje frå studenten, kompetanse og tilgjengelege rettleingsressursar. Det er difor ikkje gitt at faglæraren studenten har tatt kontakt med, vert den endelege rettleiaren.

Når rettleiingsforholdet er klart, skal ein fylle ut ein rettleiingskontrakt. Kontrakten skal underskrivast av studenten og rettleiar(ar) og leverast til programkonsulent Tore Fjetland Øgaard (rom HW523) som ekspederer han vidare.

 


Undervisningskoordinatorar: