Tildeling av rettleiar til masteroppgåver

Under finn du ei oppskrift på korleis du skal gå fram dersom du ikkje vert tildelt rettleiar gjennom eitt av dei obligatoriske emna på programmet, spesialiseringa eller studieretninga du tilhøyrar.

For å få tildelt rettleiar sender studenten undervisningskoordinatoren for studieprogrammet/retninga si ein e-post i midten av mai med ei kort beskriving av det påtenkte temaet for masteroppgåva. Viss studenten allereie har vore i kontakt med ein faglærar om mogleg rettleiing, lyt ein opplysa om dette i e-posten.

Instituttet gjer ei samla vurdering av rettleing ut i frå eventuelle ynskje frå studenten, kompetanse og tilgjengelege rettleingsressursar. Det er difor ikkje gitt at faglæraren studenten har tatt kontakt med, vert den endelege rettleiaren.

Når rettleiingsforholdet er klart, skal ein fylle ut ein rettleiingsavtale som ein finn på denne sida. Kontrakten skal underskrivast av studenten og rettleiar(ar) og leverast til studiekonsulenten din som ekspederer han vidare. Avtala spesifiserer både rettar og plikter til både rettleiar og student.

Sjå òg etiske retningsline for rettleiarar ved Universitetet i Oslo.


Undervisningskoordinatorar:

Rettleiingsavtale