English version of this page

Sensur og vitnemål

Sensuren på masteroppgåver tek normalt 8 veker. Etter at sensuren er klar vil du automatisk få tilsendt vitnemålet ditt i posten.

Sensur

Normal tid for sensur av masteroppgåver er inntil 8 veker. Kandidatar som ikkje skal opp til munnleg eksamen får karakteren publisert i StudentWeb.

Grunngjeving og klage på karakter

Du kan klage på karakteren på alle skriftlege eksamenar. Munnlege eller praktiske eksamenar kan ikkje påklagast fordi prestasjonen ikkje er dokumentert for ettertida. Alle studentar får skriftleg grunngjeving for karakteren på masteroppgåva. Denne blir sendt i posten etter at sensuren er klar.

Vitnemål

Når du leverer masteroppgåva di skal du også levere eit skjema for fullført mastergrad (bokmål/nynorsk/engelsk). Vitnemålet blir automatisk skrive ut av eksamenskontoret og sendt i posten til den adressa du er semesterregistrert på i StudentWeb. Normalt vil du få vitnemålet i posten 28 veker etter at sensuren er klar.

Publisert 4. mars 2016 14:06 - Sist endra 13. des. 2016 13:32