Mallarmé er til stades i eigen litteratur

Arild Michel Bakken viser at attenhundretalsdiktaren Stéphane Mallarmé er til stades i alle sine verk, eit funn som bryt med tidlegare oppfatning om ein daud forfattarfigur.

Stéphane Mallarmé var ein framståande symbolistisk poet i Frankrike på slutten av 1800-talet. Han prega dei modernistiske strømningane i litteraturen og inspirerte seinare revolusjonære retningar innan kunst og litteratur.

Den notorisk obskure attenhundretallsdiktaren Stéphane Mallarmé var sentral då litteraturteoretikarar på 1960- og 70-talet argumenterte for forfattarens død.

Forskinga til Arild Michel Bakken syner ei original revurdering av forfattarfiguren hos Mallarmé. Avhandlinga er eit viktig bidrag til forfattarstudiar generelt.

Kva er ditt viktigaste funn?

Mitt viktigaste funn er at Mallarmé er ein forfattar som utan stans set seg sjølv i scene. Han brukar sin eigen figur aktivt som eit retorisk verkemiddel. Dette kan skje gjennom at han prøver å framstille seg sjølv som ein autoritetsfigur, men som oftast er det sjølvironien som er det mest audsynte.

Kvifor ville du forske på dette?

Det starta med at eg stussa over kvifor det er så mykje fokus på fråværet hos Mallarmé. Mi eiga oppleving som lesar var tvert i mot at forfattarfiguren var veldig til stades i verket hans. Så fekk eg lyst til å granske denne spenninga.

Kva håpar du at dine funn skal bidra til?

Eg håpar at resultata mine vil medverke til at andre Mallarmé-forskarar i større grad vil leggje vekt på forfattaren si bruk av sin eigen figur, noko som kan gje et meir nyansert bilete av verket hans. Samstundes er eg overtydd om at innsiktene som kjem fram i avhandlinga òg vil gje ei rikare og mindre "skremmande" oppleving for vanlege lesarar av denne diktaren som er illgjeten for si obskure dikting.

Av Alf Øksdal
Publisert 30. sep. 2015 13:02 - Sist endret 30. sep. 2015 13:02