Dikt og begjær i den nederlandske gullalderen

Avhandlinga til Ronny Spaans om Amsterdam-diktaren Joannes Six van Chandelier gjev ny historisk innsikt i den nederlandske republikken – den største handelsmakta i Europa på 1600-talet.

Økonomisk og kulturell blomstring. Bilete av Hendrick Cornelis Vroom kan illustrere handelen i den nederlandske gullalderen. (Wikipedia)

Varer frå alle verdshjørne strøymde inn på hamna i Amsterdam og skapte velstand og vitelyst. Det nye gav opphav til ei uro i det nederlandske samfunnet, som diktaren Joannes Six van Chandelier (1620–1695) skildra.

– Kva er ditt viktigaste funn, Ronny Spaans?

Ronny Spaans har skrevet sin doktoravhandling på nederlandsk, med en tittel som på norsk blir Gudeblod til sals. Exotica, ekstase og forboden kunnskap i poesien til Joannes Six van Chandelier (1620–1695).

– Eit refreng i nederlandsk litteraturhistorie er at Jan Six van Chandelier er ein diktar som fortener meir merksemd enn det han hittil har fått. Denne kjøpemannsdiktaren frå Rembrandts Amsterdam vart attfunnen for ikkje så lenge sidan og er verdsett som ein litterær Vermeer: Ingen har så mange kvardagsskildringar og er så sjølvbiografisk som han. Men samtidig har han ikkje vorte heilt forstått. Kvifor skriv han til dømes ein kritisk diktsyklus til spanske damer som sminkar seg – og det på nederlandsk?

– Six var kjøpmann i eksotiske drogar som sminke, pigment, røykjelse, krydder og ulike vedundermiddel. Ved å rette like mykje merksemd på yrket hans, som diktarrolla, fann eg ein nykel til forfattarskapen. Dikta til spanske jenter handlar ikkje om dei, men om han sjølv, om sjølvransaking og sjølvkritikk. Dei er truleg adresserte til kalvinistiske predikantar i heimlandet. Denne nylesinga endrar ikkje berre synet på Six i litteraturhistoria, men gjer han aktuell for kulturhistorie, religionshistorie og medisinsk og økonomisk historie.

 – Kvifor ville du forske på dette?

– For det fyrste det gåtefulle ved forfattarskapen, det at han enno ikkje var forstått. Her såg eg høve til original og innovativ forsking. For det andre er Six ei lyst å lesa. Han er Nederlands Gongora. Om det finst ein mørk undertone i mange dikt, er han ein diktar med eit biletrikt og leikande språk. I eit dikt om amsterdammarar som går på skeiser på ein frosen kanal, skriv han at krusedullane i isen etter skeisene er som språket i poesien. Ei betre skildring av ein barokkdiktar finst ikkje!

– Kva håpar du at forskingsresultata skal bidra til?

– I internasjonal forsking på den tidleg moderne perioden er det stor interesse for den globale utvekslinga av materielle objekt og kunnskap. I denne samanhengen blir det rett merksemd på den nederlandske republikken, den største handelsmakta i Europa den gongen. Uroa og skepsisen til internasjonale drogar som ein finn hjå Six, vil vera av interesse for denne forskinga. Samtidig viser Six attende til ei klassisk problemstelling i forskinga på europeisk kolonihistorie, som vi kjenner att i tittelen på Simon Schamas vidgjetne bok: "Embarrassment of the riches" eller "Mellan Gud och Mammon", som boka heiter på svensk.

– Six gjev oss sjølvbiletet til ein tidlegmoderne kapitalist. Han meiner til sjuande og sist at internasjonale "drugs" korrumperer samfunnet. "Jesus, kor søt er talen din, søtare enn sukkeret frå brasilianske sukkerrøyr", skriv han i diktet "botssong" som avsluttar den einaste diktsamlinga han gav ut, "Poësy" (1657).

Av Alf Øksdal
Publisert 8. jan. 2015 13:44 - Sist endret 29. nov. 2018 15:17