Disputas: Feminisme på reisefot

Master Ida Hove Solberg ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Traveling Feminism. Simone de Beauvoir and Le deuxième sexe in Norwegian Translation and Reception

Ida Hove Solberg

I avhandlinga Traveling Feminism. Simone de Beauvoir and Le deuxième sexe in Norwegian Translation and Reception utforskar Ida Hove Solberg korleis feministisk litteratur reiser i omsetting, ved å studere den tidlegaste norske omsettinga og store delar av den norske resepsjonen av Simone de Beauvoirs Det annet kjønn. Den feministiske og eksistensialistiske klassikaren kom på norsk for første gong i 1970, omsett av Rønnaug Eliassen og Atle Kittang for Pax forlag, og verket er eit sentralt studieobjekt innom feministiske omsettingsstudium.

Gjennom fire artiklar som tar for seg ulike aspekt ved utgivinga, frå det første omsettingsinitiativet til resepsjonens ulike fasar over seks tiår, kastar Solberg lys over ei rekke fenomen innom omsetting: indirekte omsetting, forkorta versjonar, omsetting av ideologisk sakprosa, omsettaren og dei mange andre involverte agentane si stemme, og omsettingsaktivisme. Ho tar opp korleis forfattaren og verket sin status vert påverka av omsetting, og ho trekker inn dei ideologiske implikasjonane som ligg bak omsettingsvala, som i sin tur reflekterer ei norsk kvinnerørsle beståande av ulike feminismar.

Solberg søker med avhandlinga å bidra til ei djupare forståing for vekselverknaden mellom omsett litteratur og samfunnet som tar inn denne litteraturen, ved å spørje: Kvifor vart verket omsett til norsk? Korleis endra verket seg i omsetting? Kva kan ha påverka desse endringane? Korleis vart verket i si norske form og forfattaren mottatt og forstått?

Funna gir Solberg grunn til å kritisere den dikotomiske modellen innom omsettingsstudium, som er med på å oppretthalde ein blindflekk for indirekte omsetting, og til å løfte opp feministiske omsettingsstudium som eit anvendeleg rammeverk for vidare forsking på omsett litteratur.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 19. april 2018, kl. 16:15 i Auditorium 4, Domus Academica, sentrum: "Translating feminism in Norway : the role of Pax publishing house"

NB! Vennligst ikke bruk parfyme eller andre sterke dufter ved prøveforelesningen og disputasen / Please, do not use perfumes or other strong scents during the trial lecture and defence

Bedømmelseskomité

  • Professor Luise von Flotow, University of Ottawa (andreopponent)
  • Docent Annika Mörte Alling, Lunds universitet (førsteopponent)
  • Førsteamanuensis Geir Uvsløkk, Universitetet i Oslo (administrator)

Leder av disputas

Professor Antin Fougner Rydning

Veileder

Publisert 22. mars 2018 13:28 - Sist endret 5. apr. 2018 08:56