English version of this page

Forfattarmuseum i endring

Fortel forfattarmuseum oss eigentleg noko om verket til forfattaren? Kvifor får somme forfattarar eit museum, og andre ikkje?

Om prosjektet

Vi tenkjer ofte på forfattarmuseum som stader for gamaldags hylling av nasjonale heltar, eller berre for fans. Ein finn ofte musea i det som ein gong var ein heim og freistar å formidle ein spesiell aura kring staden og forfattarens tidlegare eigedelar. Men forfattarmuseum er i endring i takt med endringane i korleis vi tenkjer på forfattarar og litteratur.

Forskningsprosjektet "TRAUM - Transforming Author Museums" spør korleis dei endrar seg og korleis dei kan bli i framtida. Korleis kan forfattarmusea gje oss ei betre forståing ikkje berre av livet til ein forfattar, men også skapingsprosessen, litteraturen si rolle, eller (ikkje minst) tekstane til forfattaren? I ei tid som er prega av kulturelt mangfald, korleis bidreg dei til å skape nye typar kulturell identitet? Korleis kan dei bidra til utviklinga av litteraturens rolle i demokratiske samfunn i dag?

Mål

Prosjektet bringar saman teoretisk og praktisk ekspertise i litteratur, historie, museum og turisme. Det skal undersøkje korleis forfattarmuseum tek opp nye måtar å tenkje kring kultur, litteratur og utstillingar.

  • Korleis har rolla til forfattarmuseum vore når det gjeld å skape kulturell identitet og debatt?
  • Har dei teke i bruk eller kunne dei ta i bruk innovative løysingar med omsyn til framstilling av liv og litteratur?
  • Kvifor vitjar folk forfattarmuseum i dag?
  • Kan forfattarmuseum lære av andre måtar litteratur blir utstilt på, og frå nye utstillingsformer generelt?
  • Ein arbeidshypotese er at svara på desse spørsmåla ligg i måten forfattarmusea koplar saman verkelege og litterære rom, tekstar, objekt og lesarar.

Med dette i tankane undersøkjer prosjektet både nynorsk- og bokmålsforfattarar, og både regionale, nasjonale (i Noreg) og internasjonale døme. Målet er også å gje innsikt i litteraturens og humanioras rolle i dagens samfunn.

Finansiering

Prosjektet er støttet av Norges forskningsråd/The Research Council of Norway. Varighet 2016-2019.

Samarbeid

Prosjektet er et samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sogn og Fjordane. Prosjektleder er Ulike Spring, Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Symposium 20. oktober 2016

Prosjektets første åpen symposium finner sted ved Universitetet i Oslo 20. oktober 2016. Se program her.

I 2018 planlegges en konferanse i Sogndal.

Mer informasjon

For mer informasjon, se prosjektets hjemmeside traum.hisf.no.

 

 

 

 

Emneord: Forfattermuseer, Museer og museologi, Museumstudier, Litteratur, Litteratur og litteraturvitenskap, Kulturhistorie, Historie, Litteraturformidling, Turisme
Publisert 8. juni 2016 10:12 - Sist endret 9. aug. 2017 17:59