Forsking og Menneskerettar

Korleis kan forsking fremje menneskerettane? Og korleis oppfattar forskarar frå forskjellige fag og disiplinar menneskerettar innanfor si forsking? ...

Om boka

Kapitla i denne boka er skrivne av 14 forskarar som represen­terer varierande fagtradisjonar og forskingsmetodar. Dei viser at menneske­rettsspørsmål er aktuelle som aldri før, og inspirerer forskarar i eit breitt spekter av fag. Sjølv om menneskerettane tar ulik form i ulike fag, viser boka at dei er viktige også i fag der dei er mindre synlege.

Forskarane som skriv i denne boka, konsentrerer seg om grunnleggjande menneskerettar med stikkord som fred, fridom, likskap, verdighet, utdanning og fråver av diskriminering av svake enkeltindivid, grupper eller folk.

Forsking har bi­dratt til at desse menneskerettane i dag står sterkare internasjonalt enn nokon gong. Men nettopp fordi menneskerettane er blitt så synlege og internasjonalt nærverande, blir det tydeleg kor grove brota på dei er i ­mange land, og kor mykje arbeid som står att før dei er sikra som rettar for alle menneske. Kapitla i boka er reviderte og ajourførte versjonar av foredraga på ein konferanse som menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi arrangerte i desember 2015.

 

Om redaktøren

Jakob Lothe

 

 

Publisert 19. juni 2017 13:16 - Sist endret 19. juni 2017 18:15