Vi forsker på: Bosnisk, kroatisk, serbisk

Forsking innan språk, litteratur og samfunnsforhold i områda som utgjorde staten Jugoslavia.

I dag bruker ein dei nasjonale namna bosnisk, kroatisk, montenegrinsk og serbisk om det slaviske språket som blir snakka i Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Montenegro, Serbia og Kosovo. Språket vart tidlegare kalla serbokroatisk.

Det er få grammatiske skilnader, men det blir brukt to alfabet, og i skriftspråka er det ein del skilnader i ordforrådet.

I tillegg til kompetanse i språk og litteratur gjev forsking og undervisning innan dette feltet auka forståing av utfordringane regionen står overfor. Dei nye republikkane i det tidlegare Jugoslavia har brukt mykje tid og krefter på å vise ulikskapane i språk og kultur i åra etter unionsoppløysing og krig.

Områda er sentrale i nyhendebiletet, både med den konfliktfylte historia og med vyane sine som framtidige medlemer av EU.

Aktuelle problemstillingar innan feltet er fortolkingar av historiske hendingar, kulturmøte og nasjonal identitet på Balkan.

 

Publisert 22. nov. 2010 13:41 - Sist endret 16. des. 2015 15:17