print logo

Vi forsker på: Engelsk

Engelsk er verdsspråket framfor noko anna. Det blir brukt i internasjonal handel, kultur og politikk.

Om lag 350 millionar menneske i Storbritannia, Irland, USA, Canada, Australia, New Zealand og Sør-Afrika har engelsk som morsmål og offisielt språk.

Engelsk er også offisielt språk i mange andre land i Afrika, Asia, Oseania og Karibia. Språket er det viktigaste framandspråket i skulen i dei andre landa i verda.

Forsking og studiar innan engelsk gjev spisskompetanse i engelsk språk og kunnskap i djupna om kulturen i det britiske og amerikanske samfunnet. Denne kompetansen er viktig for å halde ved lag og styrkje Noreg sin posisjon internasjonalt.

Ved UiO er studiar av engelskspråkleg litteratur og kulturkunnskap integrert i språkstudia. Storbritannia har framleis ei sterk stilling internasjonalt og speler ei viktig rolle i forholdet mellom Europa og USA.

Forskingsprosjekt

Informasjonsstruktur og ordstillingsendring i germanske og romanske språk (ISWOC)

Forskargrupper

Publisert 22. nov. 2010 13:42 - Sist endret 25. aug. 2015 09:08