Vi forsker på: Fransk

Fransk språk tilhøyrer dei romanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien.

Fransk skil seg frå dei fleste andre romanske språka ved sitt rike vokalsystem, framfor alt dei nasalerte vokalane. Ordtilfanget er i all hovudsak av latinsk opphav.

Over 120 millionar menneske bruker fransk. I Europa er språket morsmål for rundt 56 millionar, der Frankrike, Belgia, Sveits og Luxembourg er dei viktigaste fransktalande områda.

Utanfor Europa er fransk morsmål fyrst og fremst i Canada. Språket er også levande i mange av dei tidlegare eller noverande franske og belgiske områda i Nord-Afrika og Sentral-Afrika, Indiske hav og Stillehavet.

Alt i middelalderen spelte fransk ei viktig rolle som internasjonalt språk etter latin. Det fekk seinare status som internasjonalt diplomatisk språk, og hadde den statusen til etter den fyrste verdskrigen. Engelsk har teke over mykje av statusen det franske språket har hatt som verdsspråk, men fransk har framleis ein framtredande plass i internasjonale organisasjonar.

Fransk språk og kultur har påverka alle verdsdelar. Den franske litteraturen er ein av dei rikaste nasjonallitteraturane ein kjenner til.

Forsking og forskingsbasert undervisning gjev spisskompetanse i fransk språk og kunnskap i djupna om kultur- og samfunnsforhold i franskspråklege land i Europa og Afrika.

Publisert 22. nov. 2010 13:44 - Sist endret 19. juni 2017 11:21