Vi forsker på: Humanistisk sjukdomsforskning
Feltet undersøkjer forholdet mellom humanistiske fag og naturvitskap.
Humanistisk sjukdomsforsking er eit tverrfagleg forskingsområde der to forskingskulturar, humaniora og naturvitskap (særleg medisin/legevitskap), møtest.
Fagpersonar innan desse kulturane undersøkjer sjukdom frå mange innfallsvinklar, og feltet har aukande interesse her heime. I USA inngår "medical humanities" som obligatorisk lesing ved dei fleste medisinske fakulteta.
Sjukdom kan gjere omgjevnadene sjukelege, påverke familiar, økonomi, sosial status og identitet - og slik kan sjukdom ha fleire følgjer.
Legevitskapen har ofte berre sett på det mekanisk naturvitskaplege, utan å sjå den subjektive og kulturelle opplevinga av sjukdom. I dag fører humanistisk sjukdomsforsking inn eit anna perspektiv. Individuelle forteljingar om korleis menneske erfarer og utrykkjer seg om sjukdom blir undersøkte. Forskarar erfarer at det ikkje berre er det reint kliniske som speler inn, men at også faktorar som kultur, politikk, økonomi og makt er med på å avgjere kva sjukdom er.
Humanistiske og estetiske fag gjev ny innsikt i ulike sjukdomstilstandar og medverkar slik til eit nytt perspektiv på medisinsk praksis.
Forskningsprosjekter
- INFECTIO: Teksten, tegnet og smerten (Avsluttet)