Vi forsker på: Italiensk

Italiensk er eit romansk språk som blir snakka av over 60 millionar menneske, dei aller fleste i Italia.

Italiensk er også eit av dei fire offisielle språka i Sveits. På grunn av stor utvandring gjennom mange år blir det snakka italiensk i mange hjørne av verda, men framleis også i gamle italienske koloniar som Eritrea og Somalia.

Det italienske språket har ein eineståande posisjon som eit av dei leiande kulturspråka i Europa, og den italienske litteraturen har hatt mykje å seie og har ei lang historie som strekkjer seg attende til det 12. hundreåret med framståande forfattarar som blant anna Dante Alighieri, Giovanni Boccaccio, Francesco Petrarca. Frå moderne tid er å nemne blant andre Umberto Eco og nobelprisvinnarar Luigi Pirandello, Eugenio Montale og Dario Fo.

Orda i italiensk er hovudsakleg nedarva frå latin. Språket har mange ord med gresk opphav. I nyare tid har fransk og engelsk bidrege med mange lånord. Ei rekkje andre store språk har etterlate seg lånord i italiensk, men i relativt liten grad.

Med sine rundt 60 millionar innbyggjarar er Italia det fjerde største landet i EU. Med sin usedvanlig rike kulturtradisjon er Italia ein viktig politisk, kulturell og økonomisk del av Europa.

Forsking og studiar innan feltet medverkar også til djupare innsikt i kultur- og samfunnsforhold i Italia.

Italia vart samla som nasjon fyrst etter 1860, og landet har derfor framleis eit stort mangfald av dialektar, sjølv om det samstundes finst ein standardvariant av språket, det såkalla italiano standard.

Landet var i hundreår oppdelt i ulike sjølvstendige fyrstedømme, der ulike delar av landet har utvikla sterke og karakteristiske dialektar.

Publisert 22. nov. 2010 13:45 - Sist endret 16. des. 2015 15:08