English version of this page

Vi forsker på: Latin-Amerika

Latin-Amerika femnar i dag om det meste av det amerikanske kontinent sør for Rio Grande. Det fell i grove trekk saman med dei områda som var under spansk og portugisisk styre frå 1492 til byrjinga av 1800-talet, og med dei statane der spansk og portugisisk er offisielle språk.

Forskarane ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS) har kompetanse på alle landa i regionen, men eit særskilt fokus på Argentina, Chile, Colombia, og landa i Sentral-Amerika og Karibia.

Kulturelt sett er Latin-Amerika svært heterogent. Over to tusen språk var i eldre tid i bruk av urfolket på heile det søramerikanske kontinentet, og framleis er mange tradisjonelle prekolombianske språk i bruk i alle latinamerikanske land.

I store delar av Latin-Amerika finst det òg eit stort tal etterkomarar etter afrikanske slavar. Etter 1850 har det i delar av Latin-Amerika vore masseinnvandring frå heile Europa, Midtausten, Korea, Japan og Kina.

I Latin-Amerika i dag føregår ei rekkje endringsprosessar som dreg landa i regionen i ulike retningar, i tillegg til at dei møter ulike utfordringar i ei global verden, høg grad av vald i samfunna og stor økonomiske og sosiale skilnader.

Politiske reformprosessar i særleg landa i Andes har som føremon å skipa nye nasjonar, men møter også utfordringar i ein globalisert, ny-liberal verdsøkonomi. Desse prosessane er ofte konfliktfylde, og ved ILOS forskar me mellom anna på særlege elitekonfliktar knytt til desse endringsprosessane og korleis politiske institusjonar taklar og endrast gjennom slike konfliktar.

Forsking ved ILOS dekkjer eit breitt spekter av tema innan latinamerikansk økonomi, historie og moderne samfunnsforhold som kolonitidas historie (1492- ca. 1820), latinamerikanske migrasjonar, moderne demokratiseringsprosessar og tema knytt til migrasjon og menneskerettar.

Innanfor temaet migrasjon jobbar me ved ILOS særlig med norsk migrasjon til Latin-Amerika i perioden 1820-1940, samt norske migrantar sine reiseskildringar i Latin-Amerika. I tillegg har me eit sterkt fokus på internasjonale menneskerettar knytt til retten til statsborgarskap for migrantar og deira born i møtet med ulike statars varierande politikk for å skape nasjonal identitet.

Vi forskar også på latinamerikansk film og litteratur. Litteraturforskinga studerer omsetjingar av latinamerikansk litteratur i Skandinavia frå 1940-åra til i dag, og skjeringspunktet mellom litteratur og historiografi i koloniale og post-koloniale nasjonsbyggingsprosessar i Latin-Amerika.

Publisert 24. nov. 2010 15:12 - Sist endret 19. juni 2017 11:19