Strategi 2014

ILOS har ein eigen strategiplan for perioden 2011–2014, og er også omfatta av universitetet sin strategiske plan for perioden 2010-2020.

Strategisk plan 2014 - Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk

Les heile Strategisk plan 2014 (pdf)

Universitetet i Oslo har eit einskapleg planverk. ILOS sin strategi stør opp under Det humanistiske fakultetet sin strategi (HF 2020), som igjen stør Universitetet i Oslo sin strategi (UiO 2020).

Til skilnad frå universitets- og fakultetsstyret, som begge har valt eit tiårsperspektiv på sine strategiplanar, har styret for ILOS valt å avgrense strategiplanen sin til perioden 2011–2014. Årlege handlingsplanar vil reflektere dei hovudsakene som UiO og HF vil løfte fram i dei rullerande årsplanane og også løfte fram satsingsområde frå ILOS sin strategiplan.

Strategiplanen for ILOS byggjer på Det humanistiske fakultetet sin analyse og framhevar dei utfordringane som i særleg grad gjeld ILOS. Strategiane skal kunne følgjast opp gjennom indikatorar. På område der det er vanskeleg å utvikle indikatorar, vil det vere aktuelt å gjennomføre periodiske undersøkingar for å avgjere om ILOS har lukkast i strategiane sine. Indikatorsettet vil komme i eige dokument.

Den strategiske planen for ILOS er bygd opp omkring dei fem måla frå UiO 2020 og fokuserer på dei områda som i dag framstår som mest utfordrande for instituttet. For kvart mål fins ein statusrapport for ILOS. Deretter følgjer instituttet sine strategiar.

Hausten 2010 er det 133 tilsette ved ILOS, fordelt på 75 fast vitskapelege tilsette, 24 ph.d.-stipendiatar, 7 postdoktorstipendiatar og 27 fast administrativt tilsette. I tillegg kjem mellombels tilsette som ikkje er stipendiatar; forskarar, timelærarar og vikarar. Instituttet har ca 1700 studentar og tilbyr 2 bachelorprogram, 4 master-program og 6 årseiningar. Kvart semester vert det avlagt mellom 4500 og 5000 eksamenar ved ILOS.

Eit overordna mål for ILOS er å auke forskingspubliseringa, både når det gjeld mengd og tal på publiseringar på nivå 2, studiepoengsproduksjonen og ekstern finansiering. Dette er nødvendig for å kunne halde oppe dagens fagportefølje.

Strategisk plan 2014 skal medverke til å nå dette målet.

 

Publisert 26. mai 2010 01:03 - Sist endret 28. nov. 2014 10:53