Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk
print logo

Tal og fakta

Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo er eitt av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden.

Nøkkeltal for 2011

Vitskaplege publikasjonar 121
Masterprogram 4
Bachelorprogram 2
Emne 514
Stipendiatar 32
Vitskaplege årsverk 80
Administrative årsverk 24
Budsjett 98 millionar
Budsjett, eksternt finansiert 15 millionar
Forskingsprosjekt med ekstern finansiering 11

Eit mangfaldig institutt

Litteratur opnar for eit eineståande innblikk i menneska sine opplevingar og forståing av seg sjølv og verda. Litteraturstudium tilbyr studentane eit teoretisk og metodisk verktøy for å analysere litteratur på ein vitskapleg måte. Vår mangfaldige forsking gjev grunnleggjande innsikt i litteratur og utfordrar rammene for menneskeleg erkjenning og refleksjon. Forskinga omfattar òg dei skiftande historiske vilkår og verdi som litteraturen har i ulike kulturar.

Områdestudium av Europa og Amerika gjev kunnskap om samfunn, kultur og språk frå to kontinent som i lang tid har prega internasjonal politikk, økonomi og kultur. Den faglege breidda innanfor Program for europeiske og amerikanske studium er unik i Norden. Forskinga gjev viktig innsikt i historiske og dagsaktuelle samanhengar i bestemte geografiske område, som til dømes Latin-Amerika eller Russland og dei postsovjetiske arvtakarstatane.

Europeiske språk omfattar dei mest brukte språka i verda, som spansk og engelsk, men òg andre moderne språk og dessutan språk som gjer seg gjeldande i dagens Noreg, som polsk og bosnisk-kroatisk-serbisk. I ei verd prega av kulturell kompleksitet og politiske omskifte er det viktig å kunne språk. Studentane våre lærer ikkje berre å bruke framandspråk, men òg å reflektere over språk og kva språk har å seie i ei globalisert verd.

Forsking og undervisning

  • Litteratur
  • Områdestudium
  • Språkvitskap knytt til europeiske språk (utanom dei nordiske)

Forskingsmiljø og formidling

ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate.

Mange av forskarane bidreg til at publikum får innsikt i resultata av forskinga.

Studentane dreg nytte av forskingsbasert undervisning.

Likeverd, respekt, deltaking og medråderett er mål for arbeidsmiljøet vårt. 

 

 

Publisert 17. mar. 2010 10:46 - Sist endret 10. okt. 2012 09:18