Forskar vil bruke smarttelefonen som klimapedagog

Korleis vil nabolaget ditt sjå ut når barnebarna er blitt gamle? Ny teknologi kan gjere det muleg å få svaret rett inn på smarttelefonen. 

Ein av prototypane viser Operaen i Oslo i 2222. Denne baserer seg på eit verste tenkeleg klimascenario, med ei havnivåstiging på to meter. Foto: UiO

Tenk deg at du står på verandaen din og held opp smarttelefonen. Så vel du deg eit år i framtida, og på skjermen ser du utsikta di slik ho vil sjå ut om hundre år – eller to hundre, eller tre hundre. Appen som gjer det muleg kan bli ein realitet innan kort tid, om medieprofessor Gunnar Liestøl får det som han vil.

– Teknologien er på plass. I teorien er det både muleg og ikkje veldig kostnadskrevjande å få dette til, seier Liestøl, professor ved Institutt for medier og kommunikasjon (IMK).  

Nyleg lanserte han to prototypar. Desse viser Operaen i Bjørvika og ei fjellside ved Hardangerfjorden i ei framtid der klimaendringane har fått ta ordentlig tak.

Kan synleggjere klimaendringane

Liestøl har utvikla teknologien Situated Simulations, som fungerer som ei tidsmaskin på mobilen. Du lastar ned ein app som viser deg omgivnadene dine i ein annan epoke, fortid eller framtid. Førebels finst det appar som gjev deg innblikk i fortidas Forum Romanum i Roma (iTunes, GooglePlay), den antikke hamnebyen Ancient Phalasarna på Kreta (iTunes), vikingtida ved Borreparken i Horten (iTunes) og det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen (iTunes, GooglePlay).

For vel tre år sidan begynte Liestøl også arbeidet med å vise fram mulege konsekvensar av klimaendringar. Målet er ein app som dekker heile Noreg.

– Det er ei stor utfordring å kommunisere klimaproblemet, og delar av årsaka er at vi ikkje kan sjå for oss kva som vil skje, seier Liestøl.    

– Vi håper å kunne få støtte til å fullføre prosjektet, for vi trur det kan ha stort potensiale i undervising. Viss skuleelevar over heile landet kan simulere ei muleg framtid på heimstadene sine, vil dei kunne oppleve klimaendringane som nærare dei sjølve. 

Visualiserer to meter havnivåstiging 

– Klimasimuleringar gjev oss ei kommunikasjonsmulegheit som både kan vere meir effektiv og meir tilgjengeleg enn det vi har hatt tidlegare, seier Gunnar Liestøl. Foto: UiO

Ein av prototypane viser Operaen i Oslo i 2222. Denne baserer seg på eit verste tenkeleg klimascenario, med ei havnivåstiging på to meter.

På skjermen ser vi at den nedste delen av operabygget er dekka av vatn. Ovanfor veks det mose og grøne plantar på den kvite marmoren. Eit skilt med «Danger: Abandoned Structure» lyser mot oss, og ein hjort spring forbi og ser seg skremt tilbake. Også dei andre bygga i Bjørvika er mosegrodde og forlatne.

– Det er lite sannsynleg at havnivået stig to meter innan 2222, men vi valde å bruke eit dramatisk scenario fordi vi ville teste ut potensialet teknologien kan ha i undervising. Eit scenario meir likt dagens situasjon ville i mindre grad oppmuntre fantasien hos elevane, seier Liestøl.

Testa appen på 9. klassingar

I samarbeid med Ola Erstad og Ole Smørdal ved Institutt for pedagogikk ved UiO let han ei gruppe 9. klassingar i Oslo bruke appen som utgangspunkt for eit prosjektarbeid om klima. Dei fekk utdelt iPhones og iPads og tok dei med til Operaen.

I simuleringa hadde forskarane også lagt inn spørsmål som elevane skulle diskutere i grupper i klasserommet. Spørsmåla vart presenterte for elevane gjennom klikkbare skilt på skjermen.   

– Spørsmåla ba elevane kome med forklaringar på kva som kunne ha skjedd i Oslo mellom 2014 og 2222. Dette viste seg å vere vellykka. Elevane klarte å kople observasjonar i dei fysiske omgivnadene med det dei observerte digitalt. Dei reflekterte svært godt rundt kva som kunne ha forårsaka endringane dei såg, seier Liestøl, som går nærare inn på erfaringane frå prosjektet i to forskningsartiklar som er publisert og ein som er på veg.

Teknologien bak

Sitsim-plattforma er utvikla ved IMK i samarbeid med utviklarselskapa CodeGrind AB og Tag of Joy. Teknologien lar brukaren bli del av ei utvida røynd, såkalla «augmented reality».

Dataprogrammet som ligg til grunn bruker fire sensorar i smarttelefonen eller nettbrettet til å rekne ut kvar vi held dei og korleis vi flyttar på dei: GPS-koordinatar viser kvar du er i verda, det elektroniske kompasset viser retninga, aksellerometeret registrer om mobilen flyttar seg med tyngdekrafta og gyroen registrerer dreiingar og rotasjonar.

Skal klimaprototypen bli utvikla til ein app som simulerer klimaendringar i heile Noreg, vil han mellom anna hente kartdata frå Statens kartverk og datasett for vegetasjon og vekstvilkår frå Institutt for skog og landskap. Dataa finst tilgjengeleg, men forskarane vil mellom anna trenge støtte til å opprette ein server som gjer informasjonen lesbar og brukbar.


Kontakt

Studier

Meir om Gunnar Liestøls forsking


Klima som tema i anna humanioraforskning

Back to the Sustainable Future: Visions of Sustainability in the History of Design

Berekraft er i dag eit grunnprinsipp i design, både i utdanning, forsking og formidling. I dette prosjektet skrivast historia til den «grønne revolusjonen» innan designfeltet, med vekt på slutten av 1960-talet og utover. Kvar kom øko-tankane frå? Kva strategiar har blitt testa ut for å gjere design meir berekraftig? Forskarane har eit breitt blikk på design og tenkjer på det som heile den materielle verda vår, ikkje berre som mote. Prosjektleiar er professor Kjetil Fallan ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk.

Airborne: Pollution, Climate Change, and Visions of Sustainability in China

Airborne-prosjektet studerer dei menneskelege dimensjonane ved luftforureining i Kina. Korleis påverkar kinesarar sine erfaringar med luftforureining deira visjonar om berekraft og utsleppskutt?

Forskarane ser både bakover i tid og framover for å forstå korleis folk sine erfaringar, og også vitskapeleg kunnskap om miljø og klimaendringar, er med å forme framtidig miljøpolitikk og levesett i Kina. Prosjektleiar er professor Mette Halskov Hansen ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk.

Enkeltforskarar:

Mark Luccarelli er kultuhistorikar og førsteamanuensis ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, og opptatt av kvifor mange i Vesten har slutta å bekymre seg for miljøspørsmål. Kvifor er miljø i så stor grad blitt eit spørsmål om teknologi, og ikkje eit spørsmål om mennesket? Luccarelli grunnla i 2007 Nordic Network for Interdisciplinary Environmental Studies saman med kollegaer frå Danmark og Sverige. Nettverket har arrangert ein serie konferansar. Luccarelli er redaktør for bokserien «Studies in the Environmental Humanities» i forlaget Brill.

Peder D. Anker professor ved New York University og professor II ved Institutt for arkeologi, konservering og historie. Han jobbar med klima- og miljøhistorie og leiar den norske forskingsgruppa "Histories of Climate Adaptation". Han har skrive fleire bøker om økodesign og miljøhistorie. No jobbar han med eit bokprosjekt om korleis enkelte norske forskarar og miljøaktivistar påvirka miljødebatten i Noreg og også utanfor landets grenser frå 1960-talet til etter år 2000.

Øyvind Ihlen er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon, og har forska på kommunikasjonen til oljeselskap, særleg selskapa sin bruk av omgrepet «berekraft». Framover håper han å jobbe med næringslivet sin bruk av omgrepa «grønt skifte» og «avkarbonisering». Mellom anna ønskjer han å undersøke kva definisjonar som leggast til grunn, korleis det stridast om uttrykka i media og kva som kjenneteiknar verksemdene som set seg ambisiøse mål på området. 

Brynjar Lia er professor ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk. Han interesserer seg for utviklinga av fornybar energi i Midtausten og dei sosiale og politiske konsekvensane av eit grønt energiskifte for denne regionen. Han har nyleg søkt om midlar frå Forskningsrådet til eit treårig prosjekt med tittelen: "Climate Change and Energy Transition in the Middle East and North Africa: Discourse, practice, and state-society relations (GreenMENA)"

    Av Silje Pileberg
    Publisert 25. feb. 2016 12:15 - Sist endret 5. sep. 2022 08:27