Trump trumfar Clinton på sosiale media

Donald Trump har brukt sosiale media aktivt og har langt fleire følgjarar enn motkandidaten Hillary Clinton. Forskarar har undersøkt bruken av sosiale media i USAs valkamp. Temaet blir debattert under Forskningsdagane.

Presidentvalet i USA 8. november står mellom Donald Trump og Hillary Clinton. Sosiale media er viktig for begge i kampen om veljarane.

Den amerikanske valkampen tilspissar seg, og eitt av verktøya som kandidatane nyttar er sosiale media: Heile 11,6 millionar menneske følgjer Donald Trump på Twitter, medan Hillary Clinton følgjast av 8,9 millionar. På Facebook er skilnaden mellom dei to enda større.

Bente Kalsnes er ein av forskarane som har sett på korleis sosiale media verkar i valkampar. (Foto: Eirin Lade, UiO)

– For Donald Trump har Twitter vore ein veldig viktig kanal. Han har brukt både det og Facebook veldig aktivt. Mange gonger har han twitra kontroversielle utsegner og påstandar og fått mykje medieomtale på grunn av det, seier Bente Kalsnes, forskar ved Institutt for medier og kommunikasjon.

Ho nemner eit eksempel:

– På den meksikanske heilagdagen 5. mai la han ut eit eit bilete av seg sjølv som åt taco på kontoret sitt. Tidlegare hadde han sagt at han skal byggje ein mur mot Mexico som Mexico sjølv skal betale for. Dette er eitt av mange eksempel på at han konstruerer ein mediesituasjon og får storstilt mediedekning etterpå. Media dekkjer det fordi det er så absurd og kontroversielt.

Trump-metoden brukast i mange land

Avsluttinga av forskingsprosjektet Sosiale medier og valgkamp markerast med eit seminar onsdag 28. september på Nasjonalgalleriet i Oslo.

Her vil forskarar og mediefolk snakke om kva som kjenneteiknar valkampen i USA og kva rolle sosiale media speler. Dei vil også stille spørsmål ved om valkampen vil påverke neste års stortingsval her heime.

Clinton vs Trump: valkamp og sosiale media

Kva for ei rolle spelar sosiale media? Vil valkampen i USA forandre våre eigne politikarar ved stortingsvalet neste år? Paneldebatt onsdag 28. september på Nasjonalgalleriet.

I prosjektet har forskarane konsentert seg om tidlegare valkampar i USA (2012), Noreg (2013), Australia (2013) og Sverige (2014). Men dei har også følgt nøye med på den pågåande valkampen i USA og trekkjer linjene til tidlegare forskingsresultat.

– I forskinga har vi sett at politiske aktørar i alle dei fire landa bruker sosiale media bevisst for å kunne påverke dagsorden, drive marknadføring, mobilisere veljarar og byggje image. Dei kjem med utspel, kanskje særleg på Twitter, som får mediemerksemd. Trump har gjort det med stort suksess no, men vi har også sett det i Noreg og Sverige, og kanskje enda meir i Australia, seier Kalsnes.

Offentlegheita har blitt større

Til no har Twitter likevel blitt litt sjeldnare referert i norske media enn i andre land.

– Vi trur forklaringa ligg i at mange norske journalistar har ganske tett kontakt med politiske aktørar. I staden for å sitere direkte frå Twitter, ringjer journalistane heller direkte til den det gjeld og får meir informasjon, seier ho.

Men ho understrekar at sosiale media i stor grad påverkar dagsorden, både i Noreg og andre land.

– Faktisk kan vi seie at offentlegheita har blitt større. Dei sosiale media og dei redaksjonelle media er tett samanvevde, vi kan snakke om eit «hybrid mediesystem». Potensialet for å kunne påverke er større enn før. Det betyr sjølvsagt ikkje at alle som uttaler seg i sosiale media kjem på trykk eller på tv, men potensialet er der.

Studier:

I den amerikanske valkampen trur ho at det som blir avgjerande for resultatet, er kven av kandidatane som klarer å mobilisere flest veljarar til å gå til stemmelokala.

– Media kan påvirke «imaget» til ein kandidat gjennom kva saker som blir dekka og korleis sakene blir vinkla. Dekninga kan ha , både  eit positivt og eit negativt forteikn. Men ifølgje forsking er det dørbankingkampajar over lengre tid som er det aller mest effektive verkemiddelet for faktisk å få folk til å stemme, seier Bente Kalsnes.

Av Silje Pileberg
Publisert 23. sep. 2016 16:28 - Sist endret 8. aug. 2022 10:47