Astrid Kvalbein ny postdoktor ved IMV

Astrid Kvalbein er tilsett som postdoktor på Fartein Valen-prosjektet i tre år frå 21. mai  2013. Ho kjem direkte frå Noregs musikkhøgskole, etter å ha disputert der for få veker sidan.

Foto: Kimm Saatvedt

Kvalbein disputerte i april over avhandlinga Musikalsk modernisering. Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Her kombinerte ho biografiske, utøvande og kultursosiologisk og diskursorienterte tilnærmingar til Hall. I arbeidet med Fartein Valen vil ho sjå nærare på komponisten som kulturperson i sosiologiske perspektiv, ho vil gjere kritiske undersøkingar av mytologiane rundt kunstnaren, og studere resepsjonshistoria av utvalde verk, med vekt på den internasjonale mottakinga.

Etter avslutta hovudfag i musikkpedagogikk frå Noregs musikkhøgskole, har Kvalbein òg arbeidd som frilans songar, primært av samtidsmusikk, og skribent. Ho har mellom anna vore kritikar i VG, Dagsavisen og Aftenposten, skrive portrettboka Leif Ove Andsnes - i og med musikken (Samlaget 2005) og redigert artikkelsamlinga Musikk og kjønn - i utakt? (Norsk Kulturråd 2008).  

Publisert 24. mai 2013 11:38 - Sist endret 24. mai 2013 12:13