I framtida kan kroppen din gje deg musikken

Om nokre år kan du kanskje lage dine eigne komposisjonar – spesielt tilpassa deg og behovet ditt der og då. Musikkforsking skal no gje oss oppskrifta på korleis kroppen din kan lage musikk.

Forsking syner at ingen klarer å stå heilt stille. Kan ørsmå mikrorørsler nyttast til å gje oss individtilpassa musikk? (Foto: Wade Brooks, Flickr CC)

Tenk deg at du kjem sliten heim frå jobb. Nakken er stiv, hovudet fullt av uløyste problem. Så: eit tasteklikk, og rommet fyllast av den perfekte musikken – som løyser opp i spente musklar, som gjer at livet kjennest lettare.

Forskingsprosjekt 2016-2020

Slik er det jo allereie, vil du kanskje seie. Du veit kva musikk du liker, og du er fri til å setje han på. Skilnaden er at musikken i scenarioet er laga av ørsmå rørsler i din eigen kropp. Han er spesialtilpassa deg og din tilstand her og no.

Vi klarer ikkje å stå stille

– Dette høyrest litt science fiction-aktig ut, musikkforskar Alexander Refsum Jensenius?

– Ja, men det er til ein viss grad muleg allereie i dag. Mange av dagens dataspel nyttar store kroppsrørsler for å styre innhaldet, inklusive musikken. Samanhengen mellom store kroppsrørsler og musikk veit vi mykje om frå forsking, og i eit nytt prosjekt skal vi sjå på dei såkalla mikrorørslene. Vi vil undersøke både korleis desse blir påverka av musikk, og korleis vi kan bruke dei til å lage musikk, forklarar han.

– Mitt mål er å gje folk heilt nye musikkopplevingar baserte på kroppsrørsler vi ikkje alltid er medvitne om, seier musikkforskar Alexander Refsum Jensenius. (Foto: Eirik F. Baardsen/Akademiet for yngre forskere)

– Kva er mikrorørsler?

– I studiane av store kroppsrørsler har vi sett at vi også har ein del mindre rørsler, som er på grensa mellom det medvitne og det umedvitne. Ber du folk stå heilt stille, klarer dei det ikkje. Kroppen rører på seg, og hovudet vårt rører seg i gjennomsnitt sju millimeter per sekund når vi står. Men mikrorørslene varierer frå person til person, og vi veit ikkje så mykje om dei.

– Korleis skal de gå fram for å lage musikk av mikrorørsler?

–  Først skal vi analysere korleis musikk påverkar desse rørslene. I dag kan vi kople rytme til store periodiske rørsler, altså rørsler som gjentar seg, til dømes å trampe foten i golvet. Vi kan også kople tonehøgde til opp og ned-rørsler, som at vi løftar handa opp og ned. Når vi har undersøkt korleis musikk påverkar mikrorørsler, skal vi bruke resultata til å prøve ut ulike metodar for å lage musikk. Vi skal ha ein «open lab» ein gong i semesteret, der vi skal teste ut den teknologien vi utviklar.

Heilt nye musikkopplevingar

– Vi får allereie tilrådd spelelister frå Tidal og Spotify som passar vår musikksmak. Treng vi eigentleg heilt personleg, spesialtilpassa musikk?

– Spelelister vi får tilrådde er baserte på musikk vi har lytta til før, og dei vil dermed vere ganske like det vi allerede kjenner. Mitt mål er å gje folk heilt nye musikkopplevingar baserte på kroppsrørsler vi ikkje alltid er medvitne om.

Kanskje kan interaktiv musikk brukast for å stimulere og korrigere rørsler hos pasientar som har problem med å røre på seg.

– På kva måte vil vi ha nytte av slik teknologi?

– Vi kan for eksempel tenkje oss dette brukt i underhaldning, ved at vi får spesialtilpassa musikk når vi sit heime i sofaen eller på bussen. Eit anna eksempel er rehabilitering. Kanskje kan interaktiv musikk brukast for å stimulere og korrigere rørsler hos pasientar som har problem med å røre på seg.


Les også om musikk som medisin

Av Silje Pileberg
Publisert 19. okt. 2016 15:07 - Sist endret 1. nov. 2022 10:52