Disputas: Autonome instrument fritar ikkje komponisten frå ansvaret for å komponere god musikk

Cand.philol. Risto Holopainen ved Institutt for musikkvitenskap vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Self-organised Sound with Autonomous Instruments: Aesthetics and experiments

Risto Holopainen

Foto: Signe Marie Andersen

Autonome instrument er dataprogram som på algoritmisk vis genererer musikk utan interaksjon i sanntid, frå bølgjeforma til heile stykket. Dermed går komponisten inn i ei anna rolle enn den vanlege: heller enn å forme det klingande resultatet direkte, formar han musikken gjennom å konstruere reglane i programmet. Men det er feil å tru at komponisten ikkje aktivt kan påverke resultatet likevel. Dette kan skje gjennom gjentatt prøving og korrigering.

Autonome instrument produserer lyd som er sjølvorganisert på den måten at resultatet ikkje er spesifisert i detalj av komponisten: Når det kjem til stykket var resultatet kan hende ikkje ein gong forventa. Difor fins det eit motsetningsforhold mellom komponistens forsettlege lydforming og verkeleg autonome instrument som ikkje let seg styre. Den idiomatiske måten å bruke eit autonomt instrument på er eksperimentering følgt av lukketreff.

Eg har prøvd å utvikle autonome instrument saman med metodar for å utforske dei. Metodane kjem hovudsakleg frå kaosteori, og i motsetning til rådande praksis i utvikling av nye syntesemodellar, må autonome instrument utforskast som om dei var ukjende system, trass i at ein har laga dei sjølv.

Tid og sted for prøveforelesning

Mandag 18. juni, 2012, kl. 16.15, Salen i ZEB-bygningen, Blindern: “Algorithmic composition of (non-autonomous) instrumental music”

Bedømmelseskomité

  • Postdoctor Alexander Refsum Jensenius, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Eduardo R. Miranda, University of Plymouth (førsteopponent)
  • Førsteamanuensis Stefania Serafin, Aalborg universitet (andreopponent)

Leder av disputas

Professor Even Ruud

Veileder

Publisert 8. mai 2012 20:47 - Sist endret 31. okt. 2013 10:28