Disputas: Norsk rapmusikk blir forma i transkulturelle rom

Master Birgitte Sandve ved Institutt for musikkvitenskap vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Staging the real: identity politics and urban space in mainstream Norwegian rap Music

Birgitte Sandve

I tre case studium av rapparane Jesse Jones og Lars Vaular og rapgruppa Karpe Diem undersøker Birgitte Sandve korleis førestellingar om kjønn, seksualitet, etnisitet og kulturell tilhøyre blir forhandla i eit utval av norsk rapmusikk frå dei siste fire åra. Med utgangspunkt i sjangerkonvensjonen ’keeping it real’ sett forskaren kritiske søkelys på ’iscenesetjing av røynda’ innanfor norsk rap. I doktoravhandlinga viser Sandve blant anna korleis Oslorapparen Jesse Jones etablerer artistimaget ’kriminell svarting’, med klare koplingar til svart amerikansk gangsta rap. Samanstillinga mellom kjønn og rase kan sjåast på som ei ukritisk gjentaking av sjangerstereotypiar kring svart maskulinitet, men opnar samstundes opp for ein kritikk av etnisk stigmatisering i det norske samfunnet. På tilsvarande vis argumenterer Sandve for korleis audiovisuelle representasjonar av Karpe Diem og Lars Vaular dannar grunnlag for kritiske blikk på normative oppfatningar av høvesvis ’norskdom’ og seksualitet i ein norsk kontekst.

Mine analyser spenner frå raptekstar, liveopptreden og musikkvideoar til medieframstilling av rapparane. Eg viser korleis artistidentitetar blir forma gjennom estetisk framstilling av urbanitet i ein norsk kontekst og korleis rapmusikk speilar endringsprosessar i skjeringspunktet mellom det globale og det lokale, uttaler ho. Dette gjer at ein kan sjå sjangeren i lys av idear om kontaktsoner i transkulturelle rom, altså måten globale impulsar pregar og endrar det norske samfunnet gjennom ulike kulturelle praksisar.

Populærmusikk representerer ein viktig arena for identifikasjon, og sirkulasjonen av populærkultur i det offentlige rom viser korleis idear om kjønn, seksualitet, etnisitet, klasse og rase blir forhandla i møtet mellom artistar og publikum. Rapparane forhandlar ulike artistidentitetar gjennom audiovisuell framtoning, der samspelet mellom musikalske element og visuell innpakning spelar ei viktig rolle for måten vi oppfattar og fortolkar musikalsk meining inn i ein større samfunnsmessig kontekst, avsluttar Sandve. Doktoravhandlinga inngår i forskningsprosjektet Popular Music and Gender in a Transcultural Context ved Institutt for musikkvitenskap, som er finansiert av Norges Forskningsråd.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 11. desember 2014, kl. 10.15 i Salen i ZEB-bygget, Blindern: "The development of Norwegian popular music since 1980, and the place of hip hop in this context"

Bedømmelseskomité

  • Førsteamanuensis Alexander Refsum Jensenius, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Tony Mitchell, University of Technology, Sydney (førsteopponent)
  • Professor Susanna Välimäki, University of Turku (andreopponent)

Leder av disputas

Professor Ståle Wikshåland

Veileder

Arrangør

Institutt for musikkvitenskap v/Arve T. Thorsen
Publisert 4. nov. 2014 22:13 - Sist endret 30. juni 2015 11:23