Musikkteknologi
Musikkteknologien står sentralt i samband med produksjon, distribusjon og analyse av musikk.
Fagfeltet musikkteknologi famnar grunnforsking innanfor felt som lydteori, kognisjon og informatikk. Denne kunnskapen blir brukt til å utvikle instrument, produksjons- og analyseverktøy. Bruk av desse instrumenta og verktøya er ein viktig komponent når ein skapar musikk. Analytiske, historiske og pedagogiske studiar set teknologien inn i ein større samanheng.
Ny teknologi har spela ei sentral rolle i musikklivet til alle tider. Utviklinga av notesystemet i mellomalderen, saksofonen på 1800-talet og MP3-spelaren i førre hundreåret, er døme på ulike former for musikkteknologiske nyvinningar som har vore med på å forme musikken.
I dag er musikkteknologi eit undervisnings- og forskingsfag på lærestader verda over.
Erfaring med utvikling, bruk og analyse av musikkteknologi er ikkje berre nyttig i alle delar av den skapande musikkbransjen, men også viktig innan utdanningssektoren. Kunnskap om musikkteknologi er også praktisk innanfor den generelle teknologi- og IKT-bransjen.
Forskingsprosjekter
- Building Autonomous Instruments. Aesthetic, cognitive and music-technologic perspectives on adaptive synthesis
- Opaque Mediation. Technology exposed in electronica
- Rhythm in the Age of Digital Reproduction. - micro-rhythmic relationships in computer based, groove oriented music
- Sensing Music-related Actions
- Sky og scene: Nye musikkopplevelser
Forskingsgrupper