Norsk musikk
Det har vore ei brei semje om at små land/kulturar må ha ei spesiell pleie av musikkulturane sine.
Norsk folkemusikksamling ved UiO har samla, redigert og gjeve ut både opptak og noteutgåver av folkemusikkarven. Samlinga samarbeider med ulike regionale og lokale samlingar, organisasjonar og enkeltpersonar.
Instituttet har forsøksvis starta oppbygging av eit nettbasert "Norsk musikkhistories arkiv". Her legg ein kjelder og peikarar til kjeldesamlingar. Det er viktig å systematisere og å ta vare på kjeldene for ettertida, men det vidare målet er å få resirkulert både kjeldene og den bevarte musikken til glede for seinare generasjonar.
Som ein del av dette arbeidet har UiO og Nasjonalbiblioteket starta prosjektet "Musikkarven", eit nasjonalt nettverk av institusjonar og enkeltspesialistar. I fyrste omgang blir det konsentrasjon om notearven, å få bygd opp eit funksjonelt apparat og høg kompetanse for å drive kritisk edisjon av notar og få publisert desse i tenlege utgåver.