Vi forsker på: Musikk og samfunn

“Musikk og samfunn” er ei samlenemning på ulike faglege orienteringar i musikkvitskapen (humanistiske, samfunnsvitskaplege og pedagogiske) som undersøkjer kva rolle musikken speler i og for ulike samfunn.

Nemninga inkluderer fagområde som musikksosiologi, musikkantropologi (etnomusikologi) og kulturstudium.

Døme på tema som står sentralt i forskinga er:

• musikk og lyd som kulturell praksis
• musikk som sosial samhandling
• sosiale/kulturelle førestellingar om musikk
• musikk/lyd som meiningsberande eining i kulturar/samfunn
• musikk og maktstrukturar/institusjonar/felt
• musikk og globalisering
• musikk og identitet (individ, nasjonalitet, rase, kjønn).

Publisert 19. nov. 2010 15:49 - Sist endret 28. juni 2017 14:41