Arvid O. Vollsnes

Hovudredaktøren bak 'Norges musikkhistorie' og ein viktig person i norsk musikkvitskaplig forsking.

Foto: Det Norske Videnskabs-Akademi

Arvid O. Vollsnes vart mag.art. med avhandlinga Ludvig Irgens Jensen: Passacaglia i 1972, og har vore tilknytt Institutt for musikkvitskap sidan 70-talet. Han vart seinare professor, og har vore ein populær forelesar i meir enn 30 år, særlig i emne innan norsk og europeisk musikkhistorie, musikkanalyse og ty teknologi i musikk og musikkvitskapen.

I 1996 starta Vollsnes arbeidet  som hovudredaktør for eit omfattande prosjekt om norsk musikkhistorie. Prosjektet resulterte i eit musikkhistorieverk på fem bind, som utkom mellom 1999 og 2001. Blant Vollsnes sine øvrige publikasjonar, kan ein trekke fram Komponisten Ludvig Irgens-Jensen frå 2000, som kom i revidert, engelsk utgåve i 2013.

Arvid O. Vollsnes er professor emeritus ved Institutt for musikkvitskap.

Publisert 2. apr. 2014 17:51 - Sist endret 23. juni 2014 13:57