Even Ruud

Ein viktig person for utviklinga av det musikkvitskaplege miljøet i Oslo, og ein ledande figur i utviklinga av musikkterapifaget.

Even Ruud (født 1947) er ein ledande skikkelse i norsk musikkvitskap, og viktig i internasjonal samanheng særs innan områda musikkterapi, musikkpsykologi, musikkpedagogikk og musikk og kulturforståing.

Ruud er utdanna  klaverpedagog, musikkterapeut, musikkvitar og psykolog. I 1978 vart han ledar for den første musikkterapiutdanninga i Noreg. Ruud tok doktorgraden i musikkvitskap i 1987 med avhandlinga Musikk som kommunikasjon og samhandling: teoretiske perspektiv på musikkterapien, som vart publisert året etter. Han vart professor ved IMV i 1991, og har også vore professor II ved Norges musikkhøgskole sidan 1993 og adjungerende professor i musikkterapi ved Aalborg universitet sidan 2006.

Blant Ruuds nyaste forsking kan nemnast eit prosjekt om musikkpedagogikk og “community music”, hvor Ruud var deltakande observatør på eit musikkprosjekt med palestinske flyktningar i Libanon. Med dette arbeidet bidrar Ruud i utgivinga   “Handbook of Music and Identity” som kommer ut på Oxford University Press i 2014.

Even Ruud har ei omfattande liste med musikkvitskaplege publikasjonar bak seg, og han står bak mange sentrale verk. Hans engelskspråklege arbeid innan musikkterapiteori er omsetje til tysk, japansk, spansk og portugisisk. Musikk og identitet frå 1997 kan trekkast fram, samt den oppdaterte og reviderte utgåva frå 2013. Også Musikk for øyet. Om musikkvideo, publisert i 1988, var eit viktig arbeid, då den var den første skandinaviske utgivinga som omhandla musikkvideo i eit historisk, estetisk og kulturelt perspektiv. Ruud har også skrive om rockeband i samarbeida med antropologen Odd Are Berkaak. Samarbeidet resulterte i publikasjonane Sunweheels – fortellinger om et rockband og ein antologi med kulturanalytiske essays med tittelen Den påbegynte virkeligheten. Ruud har også bidrege i antalogiane frå SEnter for musikk og helse, blant anna som redaktør for antalogi 6 Musical Life Stories. Narratives on Health Musicking frå 2013.

Blant Ruuds nyaste forsking kan nemnast hans prosjekt om musikk og helse, deltaking i prosjektet  RHYME (finansiert av Noregs forskingsråd), samt eit prosjekt om musikkpedagogikk og “community music”, hvor Ruud var deltakande observatør på eit musikkprosjekt med palestinske flyktningar i Libanon, som resulterte i ugivinga Løft blikket - gjør en forskjell. Erfaringer og ringvirkninger fra et musikkprosjekt i Libanon. Med bakgrunn i sin nyaste forsking bidrar Ruud i utgivinga Handbook of Music and Identity som kommer ut på Oxford University Press i 2014.

Videopresentasjon, laget i 2013 av Camilla Smaadal:

Publisert 11. aug. 2014 09:35 - Sist endret 13. des. 2016 12:41