Helene Margrethe «Babben» Lavik

Ein sentral musikkvitar som fekk høyrelærefaget til å blomstre

Foto: Hentet fra ballade.no

Babben Lavik underviste i høyrelære og klaver. Lavik var særdeles dyktig på det ho dreiv med. Ho debuterte som pianist i Filharmonien, dreiv aktivt med programmert læring, og spelte inn lytteoppgåver. Lavik var tilknytt IMV i samme periode som Eline Nygaard, og hadde timar hos Nygaard heile livet ut. Lavik hadde ansvar for høyrelæreundervisninga, og laga ei ideell høyrelæreundervising i samarbeid med miljøet på NMH.

Babben Lavik underviste ved insituttet frå 1962 til ho gjekk av med pensjon i 1994. Hennar bøker i høyrelære La det klinge og Lytt og lær er bøker fleire generasjonar med musikkstudentar hugsar.

Les Inger Elise Reitan, førstelektor i hørelære ved NMH, sine minneord til Babben Lavik på ballade.no.

Kjelder: Arvid O. Vollsnes

Publisert 2. apr. 2014 17:51 - Sist endret 23. juni 2014 14:10