Sigvald Tveit

Sentral i utviklinga av satslærefaget, og ein viktig person i IMVs historie.

Sigvald Tveit er utdanna frå Institutt for musikkvitskap, Noregs musikkhøgskule og i USA. Han vart tilsett som universitetslektor ved IMV i 1972, og vart førsteamanuensis i 1984. Han var ein lang periode hovudlærar i satslære og musikkteori, og er ein sentral aktør i utforminga av satslærefaget. Hans utgiving Harmonilære fra en ny innfallsvinkel, som kom ut første gang i 1984, har blitt eit hovudverk for musikkutdanningar i heile landet, og kom i ny utgåve i 2008.

Tveit har brei fagleg interesse, og var i sitt arbeide oppteken av både populærmusikk, synthar, sampling og ny teknologi i tillegg til satslæra og musikkvitskapen. Tveit er også komponist og ein viktig aktør i norsk musikkliv. I tillegg til store verk og musikkspel har han komponert musikk til fleire hundre fjernsynsprogrammar.

Sigvald Tveit var tilsett ved IMV i meir enn 30 år, og forlét instituttet då han gjekk av med pensjon i 2010.

Les meir om Sigvald Tveit i Store norske leksikon.

Publisert 2. apr. 2014 17:51 - Sist endret 23. juni 2014 13:58