Tellef Kvifte

Professor i musikkvitskap og ein sentral aktør ved IMV, særskilt innan folkemusikk, verdsmusikk, musikkteknologi og rytmeforsking.

Tellef Kvifte (født 1947) vart dr. philos i musikkvitskap då han i 1986 disputerte med avhandlinga Utstillingsgjenstand eller redskap i bruk? Et spilleteknisk perspektiv på musikkinstrumenter. Kvifte har mellom anna skrive om variasjon i framføringa av hardingfeleslåtter og instrumentsystematikk. Han har vore særs interessert i musikkteknologi, og har også bidrege til rytmeforskninga, mellom anna med kapitlet Composing a Performance: The Analogue Experience in the Age of Digital (Re)Production i boka Rhythm in the Age of Digital Reproduction (Anne Danielsen (red.) 2010). Ved IMV har han undervise i folkemusikk og verdsmusikk. Han tok også initiativ til, og føresto store deler av utviklinga av, det som i dag er det mest utbreidde verktøyet for data katalogisering av folkemusikkarkiv i Skandinavia.

Kvifte er også utøvande musikar, både innan jazz, folkemusikk og elektronika, og han har spelt med band som Slinkombas, Chateu Neuf Spellemannslag og Luckyloop.

Kvifte var tilsett ved IMV i meir enn 30 år, og forlèt instituttet i 2012. Han har vore professor ved Høgskolen i Telemark sidan april 2012.

Blant Kviftes viktigaste publikasjonar kan nemnast Instruments and the electronic age: toward a terminology for a unified description of playing technique og On the Description of Mapping Structures.

Publisert 11. aug. 2014 09:38