Instituttstyret
Rolle
Instituttstyret er det øvste vedtaksorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.
Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.
Alle møte i instituttstyret er normalt opne. Styret kan stenge møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades.
Styret utøver sitt ansvar basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, forskrifter og reglar som til kvar tid gjeld.
Saker
Dei fleste sakene styret behandlar er regulert i styrings- og administrasjonsreglement til instituttet. Fakultetet har gitt Institutt for musikkvitskap høve til, som ei prøveordning, å legge ned programrådet for musikkvitskap og å legge programrådet sine oppgåver til instituttstyret.
Styret behandlar
• Årsplan og budsjett
• Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som til dømes strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet.
Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av styret sine instrument for å følgje opp verksemda.
Ved tilsetjing av instituttleiar og vitskapleg tilsette, innstiller instituttstyret overfor fakultetsstyret. Avgjerd om tilsetjing blir tatt av fakultetsstyret.
Medlemmer
Styremedlemmer i 2013:
| Faste medlemmer | Vararepresentantar |
|---|---|
|
Alexander Refsum Jensenius
|
|
|
Anne Eline Riisnæs
|
|
|
Professor
Representant for fast vitenskapleg tilsette
|
Universitetslektor
2. vara for fast vitskapleg tilsette
|
|
Professor
Representant for fast vitskapleg tilsette
|
Hallgjerd Aksnes |
|
Doktorgradsstipendiat
Representant for midlertidig vitskapleg tilsette
|
Doktorgradsstipendiat
1. vara for midlertidig vitskapleg tilsette
|
|
Doktorgradsstipendiat
2. vara for midlertidig vitskapleg tilsette
|
|
|
Mons Thyness
|
Førstekonsulent
1. vara for teknisk-administrativt tilsette
|
|
Førstekonsulent
2. vara for teknisk-vitskapleg tilsette
|
|
|
Ingrid Liland
Studentrepresentant
|
Tarjei Øvrelid
1. vara for studentrepresentant
|
|
Gaute Andersen
Studentrepresentant
|
Marius Berg
2. vara for studentrepresentant
|
|
Studiesjef Norges musikkhøgskole |
Seniorrådgiver MIC Norsk musikkinformasjon |
Val til styret
Dei tilsette vel sine representantar kvart fjerde år, innanfor gruppene fast vitskapleg tilsette og teknisk-administrativt tilsette. Representantar for studentane og for midlertidig vitenskapleg tilsette blir valde kvart år.
Ekstern representant blir oppnemnd kvart fjerde år av fakultetsstyret, etter forslag frå instituttstyret.