Instituttstyret

Instituttstyret er instituttet sitt øvste avgjerdsorgan. Styret fastset overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda.

Styret er vald for ei periode på fire år, og har åtte medlemar.

Møta

Instituttleiar leiar styret, og førebur sakene som styret handsamar. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem. Saker som ein ynskjer å fremje for styret må vere førebudd og meldt til administrativ leiar seinast to veker før møtet.

Møta i instituttstyret er vanlegvis opne, men styret kan lukke møtet i nokre saker slik at berre medlemane i styret og sekretæren er til stades. Møta er alltid lukka når styret handsamar tilsetjingssaker ettersom det ikkje er offentleg innsyn desse sakene.

Saker

Styret utøver sitt ansvar basert på avgjerder i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, føresegner og regelverk som til ei kvar tid gjeld. Dei fleste sakene som styret handsamer fylgjer av styrings- og administrasjonsreglementet til fakultetet og instituttet:

  • Årsplan og budsjett
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, som til dømes stillingsplan og faglege prioriteringar for instituttet
  • Tilsetjingar

Godkjenning av rekneskap er eit av styret sine verkty for å sjå til verksemda.

Val til styret

Dei fast vitskapleg tilsette og teknisk-administrativt tilsette vel sine representantar kvart fjerde år, medan dei melombels tilsette og studentane vel sine representantar kvart år.

Kvart fjerde år oppnemner fakultetsstyret etter tilråding frå instituttstyret eksterne representantar til styret.

 

Publisert 2. jan. 2017 08:37 - Sist endret 2. jan. 2017 08:37