print logo

Internasjonalt samarbeid

Her finn du informasjon om dei viktigaste internasjonale samarbeidsflatene ved Institutt for musikkvitskap.

Forskingssamarbeid

Forskingssamarbeid med McGill University, Canada 

Instituttet har inngått ei samarbeidsavtale med McGill's Schulich School of Music om forsking på musikk og rørsle og innan populærmusikkforsking. Formålet med avtala er å oppmuntre til forskarmobilitet på alle nivå og til å etablere felles forskingsprosjekt.

 

Nettverk

Instituttet er involvert i ei rekke nordiske og europeiske nettverk. Innanfor musikkteknologifeltet er dei viktigste forskernettverka europeiske eller globale. Deltaking i EU COST Action-nettverket Sonic Interaction Design (2008-2011) har vore svært viktig for å knyte kontakt mellom forskarar, kunstnarar og designarar som arbeider med musikkteknologi i Europa. Instituttet er også med i nettverket som arrangerer den internasjonale sommerskulen i systematisk musikkvitskap

Sjå oversikt over instituttet sine nettverk

Utvekslingsavtaler

Instituttet samarbeider bla. med University of Salford i Manchester om utveksling innanfor populærmusikk og studioproduksjon. Fleire studentar har vore ved Salford, og nokre trivast så godt at dei tar eit ekstra semester ved studiestaden, eller til og med ei heil grad.  Elles har avtala med Högskolen i Dalarna vore brukt både for inn- og utreisande studentar. Dalarna har eit godt miljø for musikkproduksjon og musikkteknologi. Instituttet håpar at flere studentar etterkvart vil finne det verdifullt å ta eit utanlandsopphald i løpet av studietida.

Sjå alle utvekslingsavtaler instituttet har

Publisert 19. mai. 2010 14:14 - Sist endret 25. okt. 2012 13:32